Bustaden blei totalskadd i brannen som oppstod søndag ettermiddag.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Bustaden blei totalskadd i brannen som oppstod søndag ettermiddag. FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

Bygningsbrann i Etne

Klokka 16:54 melde 110 Sør-Vest om bygningsbrann i Kvamsvegen i Etne. Mannskap frå Etne brannstasjon rykke ut, blei det meld på X.

Alle skal vere ute

Sør-Vest politidistrikt melde om at brannen var i eit bustadshus, men at alle i huset skal ha kome seg ut.

Store ressursar på brannstaden

— Brannen starta i eit rom i bustaden og har utvikla seg ein god del. Vår næraste bil er framleis ti minuttar unna, og vil starte sløkking så snart vi er framme på staden, sa vaktleiar i 110-sentralen, Christer Gilberg, til VG klokka 17.05.

Det var eit hus på Sande i Stordalen som brann. FOTO: TIPSAR

Ølen bistår

110 Sør-Vest har sende ut mannskap frå Ølen stasjon for å bistå.

— Over i ettersløkkingsfase

Bustadhuset var overtent, men det var ikkje fare for spreiing.

Klokka 17.49 melde politiet på X at dei har starta avhøyra av vitne.

Politiet: — Ein person køyrd til legevakt for sjekk

— Sannsynleg årsak er matlaging og bruk av fritygryte, melder politiet på X.