Til saman pendlar om lag 60 tilsette frå heimen i Vindafjord eller Etne til jobben ved Haugesund sjukehus,
FOTO: HELSE FONNA
Færre fristbrot i Helse Fonna – men framleis krevjande økonomi
Ventetida får behandling i Helse Fonna er på veg ned, men leiinga ser alvorleg på helseføretake sine økonomiske utfordringar.
Gjennomsnittleg ventetid for behandla pasientar var i oktober 68 dagar, ein nedgang frå 72 dagar førre månad.
— Det er gjort ein stor og viktig jobb i klinikkane med å korte ned ventetidene. Lang ventetid har vore ei utfordring i heile landet etter pandemien, og den reduksjonen som er oppnådd her er i løpet dei siste månadane vesentleg og betyr mykje for pasientene, seier administrerende direktør Anders Hovland i ei pressemelding etter eit styremøte fredag.
200 færre fristbrot