Mats Årvik (Frp fv.), Modolf Haraldseid (H) og Therese Nesheim (H) uttala seg om den økonomiske tilstanden i kommunen. Foto: Svein-Erik Larsen
Mats Årvik (Frp fv.), Modolf Haraldseid (H) og Therese Nesheim (H) uttala seg om den økonomiske tilstanden i kommunen.

Fokus på rekruttering

Tertialrapport, budsjett og økonomiplan stod på menyen då det nye formannskapet i Vindafjord hadde sitt første møte på rådhuset i Ølen tysdag. Vegen vidare i helse og omsorg verkar å bli ein viktig del av denne valperioden.

Publisert Sist oppdatert

Diskusjonen rundt den økonomiske tilstanden og framtidsplanane til kommunen var prega av at fleire politikarar gjentok punkter frå valkampen, og at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt budsjettforslag i stor grad var slik dei venta.

— Budsjett er litt kjedeleg, på ein positiv måte, summerte Mats Årvik (Frp) opp, og viste til at det i stor grad følgjer linjene frå 2023-budsjettet.

24. oktober presenterte kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag til budsjett i 2024 og økonomiplan 2024-2027. Som i fjor legg han opp til å kutte tre stillingar i hjelpepersonell på skulane. Også i år var det dette forslaget som møtte mest motstand frå politikarane. Øyvind Valen (Ap) understreka at Ap er opptatt av å skjerme oppvekstsektoren, mens Årvik sa at Frp vil skjerme tenester generelt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS