Julegateopning i ruskevêr
Trass i kalde vindkast og truande regnskyer tok små og store turen til Tinghusparken i Etne for å sjå julebjørka bli tent. Og på Skakke og Etne Senter venta nissen.
ulegateopninga i Etne blei ei kald oppleving for alle som møtte i Tinghusparken denne torsdagskvelden, men ruskevêret såg ikkje ut til å leggja ein dempar på julestemninga blant dei frammøtte. Etne Musikklag baud som vanleg på vakre tonar til juletregangen og inne i Sparebanken Vest sine lokale var det duka til fest med pølser og gløgg på menyen.
— Dette er veldig koseleg og me får julestemning. Det går fint om det bles litt, seier dei tre 12-åringane Maren Vevatne, Sigrid Hornenes Sørheim og Live Vevatne og kosar seg på julegateopning.
Dei har tatt turen til sentrum for sjå julebjørka bli tent og kanskje få seg ein runde og eller to rundt juletreet.