Illustrasjon av korleis symjehallen og bygdahuset i Vats er planlagt etter samspelsfasen. Illustrasjon GL Prosjektservice
Illustrasjon av symjehallen og bygdahuset i Vats.Illustrasjon: HLM Arkitektur

Vindafjordhallen

Lokal bedrift med milliongåve

AutoStore gir ein million kroner til innreiinga av bygdahuset i den nye Vindafjordhallen i Vats.

Publisert Sist oppdatert

Dette opplyser styreleiar Janne Urdal Aursland i Vindafjordhallen SA i eit Facebook-innlegg torsdag. Ho gir att ei uttale frå robotselskapet med hovudkontor i Nedre Vats:

Vi anser dette prosjektet som en kommunal oppgave og er skuffet over at politikerne i Vindafjord ikke oppfyller sin plikt ovenfor beboerne i Vindafjord generelt, og i Vats spesielt i denne saken. Vi ønsker derfor ikke støtte den delen av prosjektet som er infrastrukturell. Men vi synes at dere gjør en flott jobb med å lage et bygdehus som innbyggerne fortjener, så vi vil støtte dere! AutoStore bidrar derfor med en million kroner til å møblere storsalen og fellesområder i bygdehus delen av bygget.».

Fredag skriv Urdal Aursland at også Vats-bedrifta Ottar Skjold maskin AS gir 100.000.

Laurdag følgjer ho opp med at ho fekk melding av Eirik Nesheim om at eit einstemmig styre i Nessim har vedteke å gi eit knivsett til verdi av 20.000 kroner til kjøkkenet i den nye Vindafjordhallen.

Powered by Labrador CMS