Monica Nesheim som har tre barn i grunnskulealder, er leiar i FAU Vats skule og i Vats grendelag. Dette innlegget har ho skrive som privatperson.
Monica Nesheim.

Me mistar hurtigbåten til Stavanger!

I budsjettet som eg lagt fram for Samferdselsutvalget 15. november, ligg det inne eit kutt for Kolumbus si hurtigruta i Ryfylke. Dette gjeld anlaup til Sandeid/Vikedal, frå Stavanger. Slik det er føreslått er ikkje dette eit forslag som er gått ut på høyring.

Me håpar at me kan vere med på å sette fokus på forslaget, slik at alle interessentar får moglegheita til å kommentere forslaget.
Dette gjeld ei rute med to avgangar fredagar og søndagar, som eit tilbod til dei som pendlar mellom nordfylket og Stavanger i helgane.

Tilbodet er eit viktig kollektivtilbod som mellom anna er nytta av elevar som pendlar til vidaregåande skule på Lundeneset, eller i sørfylket. For elevane er det ein enkel måte å reise til og frå skulen på. Lundeneset vidaregåande har koordinerande buss frå skulen til kaien i Sandeid.
Elles er ruta eit godt tilbod som gjer det mogleg med helgeutfart utan bil, der du kjem fram midt i Stavanger sentrum.

Me håpar dette forslaget ikkje blir vedteke med dette kuttet, slik at me opprettheld eit godt kollektivtilbod med sørfylket.

Monica Nesheim og Anne Cecilie Berentsen

Vindafjord senterparti

Debatt i Grannar

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna. Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no