Sigbjørn Gjelsvik (f.v.) og Geir Adelsten Iversen i Transport- og kommunikasjonskomiteen fekk sjå Håfoss bru og resten av E134 på nært hald.
Foto: Svein-Erik Larsen
E134 Bakka-Solheim
Meiner vegen har gått ut på dato
Leiar Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget tok seg ein tur gjennom blant anna Vindafjord- og Etne-delen av E134 på måndag. Han er klar på at det må gjerast noko med vegen.
— Det er ein europaveg som tida har sprunge fullstendig frå, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Med seg på turen hadde han Geir Adelsten Iversen (Sp) i transportkomiteen. På vegen hadde dei eit lunsjmøte på Etne Tinghus. Der slutta stortingskollega Hans Inge Myrvold (Sp) seg til følget.
Vil ha fortgang