Maria Moe Skålerud i Etne IL, Arne Gunnar Habbestad i Ølen IL, Håvard Matre i Etne IL, Torleif Heggebø i Vindsfjord turlag og prosjektleiar Leif Grindheim ber om klare svare frå politikarane i Etne og Vindafjord, på om turvegen mellom Olalia og Ris er ønskja eller ikkje.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Maria Moe Skålerud i Etne IL, Arne Gunnar Habbestad i Ølen IL, Håvard Matre i Etne IL, Torleif Heggebø i Vindsfjord turlag og prosjektleiar Leif Grindheim har jobba med planar om ein turveg mellom Olalia og Rus.

Ønskjer klart svar om ny turveg

Etter at Etne Venstre har stilt seg kritisk til ein mangeårig planlagd turveg mellom Olalia i Vindafjord og Rus i Etne, krev initiativtakarane no klart svar frå resten av dei politiske partia i kommunane.

Publisert Sist oppdatert

Det var i siste kommunestyre i Etne at Venstre sin representant, Johan Strømsvold gav uttrykk for betydeleg skepsis knytt til søknaden som Ølen idrettslag, med støtte frå både turlaga i Etne og Vindafjord, har sendt kommunane.

Dei ønskjer å bygge ein turveg med grusdekke frå Olalia i Vindafjord til Rus i Etne. Prosjektet til meir enn 5 millionar kroner blei presentert i Grannar tidlegare i år, og applaudert av så vel politisk leiing på begge sider av kommunegrensa, som Fikse Næringsforening. Dei ønskjer prosjektet velkommen fordi dei trur det vil auke attraktiviteten med tanke på busetting i både Etne og Vindafjord.

— Ikkje berre syklistar

Men Arne Gunnar Habbestad, som no jobbar med prosjektet på vegner av Ølen IL fortel at han fekk bakoversveis då han såg Etne Venstre argumentere for at prosjektet tilsynelatande berre er for aktive syklistar, og at det vil øydelegge vakker fjellnatur.

— Å øydelegge fjellnatur har aldri vore i våre tankar. Det vil me naturlegvis unngå, seier ein oppgitt Habbestad.

Grannar møter han saman med dagleg leiar Maria Moe Skålerud i Etne IL, Håvard Matre i Etne IL, Torleif Heggebø frå Vindafjord turlag og Leif Grindheim som er innleigd prosjektleiar.

Dei kjenner alle att innhaldet i argumentasjonen til Etne venstre. Den har dei også lest i den siste uttala frå Haugesund Turistforeining (HT) til kommunane.

Heilomvending av turistforeing

Det er HT som eig og driftar Olalia turisthytte og seks andre turisthytter i Etnefjella. HT har på fire år gjort heilomvending i turveg-saka to gonger. I 2019 var HT negative, noko som førte til at Vindafjord turlag den gongen la vekk heile prosjektet. Men så kom det ny dagleg leiar og styreleiar på plass i HT. Begge gav ifølgje Habbestad grønt lyst til å ta fram planane, då dei besøkte årsmøtet til det lokale turlaget, både 2021 og 2022.

Men no, i 2023, er det nok ein gong ny leiing i HT. Og i deira siste uttale til kommunane, som skal handsame byggjesøknaden, er klart negative. I brevet skriv også dei at behovet for eit slik prosjekt er konstruert, og at det berre vil gagne godt trena syklistar. Dei legg til at vanlege turgåarar allereie har god tilkomst til Olalia gjennom løypenett frå både Opheim og Fjellstøl i Sandeid.

— Det er jo ikkje det me har tenkt. Dette er eit folkehelseprosjekt som skal gagne innbyggarane i begge kommunane. Også nye grupper, til dømes svaksynte og andre som er lettare rørslehemma, understrekar Habbestad.

Eldsjelene er no også uroa for at Statsforvaltarane legg til grunn berre Haugesund Turistforeining si meining i sine vurderingar, i staden for å lytte til lokalbefolkninga i kommunane.

— Ingen tømmertransport

Prosjektleiar Leif Grindheim er også undrande til at Etne venstre løftar fram at det skal vere ønskje om å drive tungtransport og vedlikehald på ein tre meter brei veg frå Rus til Fossastølen.

— Me har nytta ein standardsøknad som brukast av både landbruket og andre aktørar som ligg til grunn. Men for å forstå saka må ein lese sjølve byggesøknaden med vedlegg, og ikkje basere seg på standardformuleringar, seier han.

Han viser til at det her er snakk om ein turveg inn til eit område over tregrensa.

— Det seier seg sjølv at det ikkje er snakk om å drive ut tømmer i fjellet, poengterer Leif Grindheim.

Når det gjelder den delen av vegen, frå Rus til Fossastølen, som skal vere tre meter brei, så er dette for å imøtekome grunneigarar.

— Utan dette hadde me ikkje fått noko avtale med grunneigarane, seier Grindheim. Han legger til at det er ei helt vanleg å bidra med noko som kan vere til gang for grunneigarar som elles kanskje er negative til turvegar som vil syte for at det blir meir folk i eit område dei helst vil ha for seg sjølv.

Paradoks

Dei skryt elles av HT som tidlegare har bygd den omlag tre meter breie turvegen frå Opheim til Olalia.

— Det er eit fantastisk flott prosjekt. Det trur me fleirtalet av folket meiner, det viser jo også den mangedobla trafikken til Olalia etter at vegen kom, seier dei.

Men dei meiner også at difor er eit paradoks at det då skal vere eit problem å byggje ein tursti vidare til Rus.

— Me er overtydd om at folk flest vil ha det, men det er naturlegvis unntak. Me trur også fleirtalet av politikarane ønskjer prosjektet. Og får me eit ja, då bygger me. Takkar takker dei nei, då slikkar me såra og finn noko anna å bruke tida vår på, seier Habbestad.

Powered by Labrador CMS