Farevarselet for flaum gjeld heile Vestlandet.ILLUSTRASJON: VARSOM.NO
Gult farevarsel for flaum – og i fjellet kan det bli snøfokk
Det er sendt ut gult farevarsel for flaum på Vestlandet, delar av Agder og Trøndelag.
Farevarselet gjeld frå natt til onsdag 22. november. Det kan komme opptil 80 millimeter regn på tolv timar, skriv Adressa.
Det er fare for overvatn i tettbygde område, for lokale flaum og erosjonsskadar i bekkar og mindre elvar, skriv Varsom.
– Vassføringa vil auke i små bekker og elvar. Årsaka er mykje regn, opptil 50–80 millimeter på 12 timar onsdag formiddag, og stigande temperaturar som fører til snøsmelting under 600–1000 m.o.h. Dette kan føre til lokale flaum, heiter det i varselet.
Folk blir rådde til å halde seg oppdatert om situasjonen, og dessutan sikre og flytte verdiar bort frå utsette område, som til dømes kjellarar. I tillegg bør ein reinse vassvegar, slik at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renn.
Faren skal minke frå torsdag ettermiddag.
Det er venta mykje snø i fjellet i Sør-Noreg onsdag og torsdag, seier meteorologane.
Det kan komme 25–30 centimeter snø på 24 timar. Det er venta mest i vestlege fjelltrakter, skriv Meteorologisk institutt på X/Twitter.
Det er også venta kraftig vind og snøfokk i heile området. Meteorologane rår folk til å følgje med på 175.no , då dette kan gi trafikale utfordringar.
(NPK)