To luftambulansar blei rekvirert til ulykka på Fikse tysdag morgon
Pressefoto
Illustrasjon. Pressefoto

Til sjukehus etter ulykke

Klokka 08.04 måndag fekk politiet melding om ei utforkøyring ved Ørevika mellom Ølmedal og Kvaløy på Fv46 Saudavegen i Vindafjord. Ein bil var involvert og den sperrer delar av vegen. Det var berre ein førar i den aktuelle bilen. Den kvinnelege føraren har skadar i fot. Naudetatane rykka ut. Dette opplyser Politiet i Sør-Vest på X.

08.28 skriv politiet at vegen er stengt.

08.58 oppdaterer politiet om at trafikken nå dirigerast forbi i eitt felt.

09.35 skriv politiet at pasienten er tatt med luftambulansen til Haugesund sykehus med eit ukjent skadeomfang. Bilbergar er på staden.

09.59 oppdaterer politiet med at bilen enn blitt fjerna frå staden og at trafikken nå går som normalt.