Vindafjordhallen
Stor interesse for storstova
Rundt 60 personar møtte opp då Vindafjordhallen SA, GL Prosjektservice og Vindafjord kommune hadde eit informasjonsmøte om den nye Vindafjordhallen i gymsalen på Vats skule tysdag kveld.
Under møtet presenterte kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling og prosjektleiar Frode Eike Vindafjord kommune sitt perspektiv på symjehall og bygdahus-prosjektet. Kommunen skal drifte symjehallen, mens Vindafjordhallen SA skal drifte bygdahuset i Vats si kommande storstove.
Styreleiar Janne Urdal Aursland i Vindafjordhallen SA oppdaterte om deira arbeid med å samle inn pengar og drift av bygdehuset. Totalentreprenøren GL Prosjektservice presenterte det kommande bygget sitt uteareal, planteikningar og illustrasjonar av korleis det skal bli utvendig og innvendig.
Det blei orientert om aktivitet, framdrift og omsyn i prosjektet, og trafikk og parkeringsavvikling i byggeperioden. Det blei også gitt informasjon om bygdahuset og opna for spørsmål til prosjektet.
Arbeidet med den nye Vindafjordhallen er godt i gang:
Har fått inn åtte millionar
I den politiske prosessen som til slutt enda med vedtak om å bygge symjehall og bygdahus i Vats vedtok formannskapet å halde kommunen sin finansiering av prosjektet nede i 48 millionar kroner. Følgeleg blei det bestemt at Vindafjordhallen SA måtte skaffe 20 millionar i finansiering gjennom gåver og/eller dugnadsarbeid. Kostnadskutt i bygget har gjort at denne summen gjekk ned til 13,3 millionar.
På møtet viste Urdal Aursland ein oversikt over kva midlar som har komme inn, kva som står at, og korleis dei kan få inn meir. Fire millionar frå Sparebanken Vest, tre millionar frå Hatteland Gruppen, og ein million frå Knapphus Energi gjer at det nå manglar 9,3 millionar i ekstern finansiering.
I tillegg kan mogleg støtte på 3,8 millionar til kulturhus frå Rogaland fylkeskommune dra summen ned til 5,5 millionar.
Brød for hall
Urdal Aursland presenterte den breiare økonomiske statusen til Vindafjordhallen SA. Dei har cirka 3,5 millionar etter forsikringsoppgjer frå då den gamle Vindafjordhallen brann ned i 2019. Vindafjordhallen SA er ansvarlege for å finansiere all interiør i bygdahuset, utstyr til kjøkken med unntak av faste installasjonar, lyd og lysanlegg i storsalen, samt fleire kostnadar.
Urdal Aursland fortalde at dei framleis avventar avklaring på kontakt dei har hatt med større bedrifter om potensiell støtte. Dei har også inne søknadar til forskjillege gåvefond som blir delt ut i 2024. Styreleiaren skisserte framtidige inntekter gjennom leigeinntekter i bygdahuset frå Vindafjord kommune og SK Vats.
Til slutt viste Urdal Aursland korleis folk flest kan hjelpe Vindafjordhallen SA med arbeidet sitt for den nye storstova i Vats. Den eine måten er å gi pengar direkte gjennom eksempelvis spleis eller andre former for kronerulling. Ein annan moglegheit er å kjøpe brød. Det er inngått ein avtale som gjer at ti kroner per selde grovbrød av ein viss type på Coop Extra Knapphus går til Vindafjordhallen SA.
Den nye symjehallen og bygdehuset skal stå klart våren 2025. Det er framleis ikkje utlyst noko namnekonkurranse for bygget ennå.