Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Trailer med fisk velta på Vintertun

Klokka 18.32 onsdag fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulykke på E134 på Vintertun, like ved kommunegrensa mellom Ullensvang og Etne.

´

— Semitrailer lasta med fisk har velta og ligg på sida. Passasje elles for trafikk. Førar verkar oppegåande, skreiv politiet på Twitter.

Klokka 19.04 melde Vegtrafikksentralen om redusert framkommelegheit på staden.

Ein time seinare melde Vegtrafikksentralen at under bergingsoperasjonen, som truleg vil skje seinare i kveld, vil etter alt å døma eitt eller begge felta av vegen bli brukt.

Ved 23-tida var bilbergar i gong. Trafikk kunne passere i eit felt, melde Vegtrafikksentralen då.