Utsikt frå dagsturhytta på Leiteshaugen i Etne.
Utsikt frå dagsturhytta på Leiteshaugen i Etne.
Johan StrømsvoldArkivfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Johan Strømsvold
Kartet viser ruta for ny trase, svart strek. Den nye traseen vil gå utanom myrområda som før, men også utanom området med boreal hei.Skjermdump: Ølen idrettslag sin søknad
Kartet viser ruta for ny trase, svart strek. Den nye traseen vil gå utanom myrområda som før, men også utanom området med boreal hei.Skjermdump: Ølen idrettslag sin søknad

Vil ikkje ha ny turveg

Gruppeleiar i Etne Venstre, Johan Strømsvold stiller seg kritisk til den nye turvegen som er planlagt frå Rus til Olalivegen. — Me kan ikkje øydeleggja vakker fjellnatur for at aktive syklistar skal få sykla mellom Etne og Ølen, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Strømsvold viser til ein søknad frå Ølen idrettslag til kommunen, der dei søkjer om å få byggja 700 meter grusveg frå Rus til Fossastølane, og ein 1,5 meter brei og 1,7 kilometer lang turveg frå Fossastølane til Olalia-området i Vindafjord. Omtrent midt mellom Oppheim parkering og hytta på Olalia. Han stiller spørsmål til kommunen om ein skal leggja til rette for å øydeleggja vakker fjellnatur for at aktive syklistar skal få sykla mellom Etne og Ølen, via Fjellstøl, eller laga traktorveg for at grunneigarar skal ha heilårsveg for å vedlikehalda hyttene sine i området. Han kallar søknaden eit alvorleg inngrep i Etnefjella.

— For dei som ønskjer å gå på tur i fjellet, er det allereie stiar å gå på frå Rusområdet og heilt til Olalihytta, seier han.

Kritisk

Strømsvold og Etne Venstre er ikkje åleine om å vera kritiske til den potensielle utbygginga, for sjølv om både Etne turlag og Vindafjord turlag gir tommelen opp er hovudforeininga Haugesund Turistforening sterkt kritiske. Det same er Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland, mens prosjektet får full støtte frå Vindafjord IL, Ølen idrettslag, Etne idrettslag, Fikse Næringsforening og Rogaland fylkeskommune.

— Det ligg også ein avtale føre mellom Vindafjord Turlag og grunneigarane i fjellgruppene om at det skal lagast ein tre meter brei traktorveg for tungtransport, som skal vedlikehaldast av søkjarane heile året. Ord som transport av tømmer» er brukt i avtalen, og det i eit området som ikkje har skog?, seier Strømsvold.

For dei som ønskjer å gå på tur i fjellet, er det allereie stiar å gå på

Johan Strømsvold, Etne Venstre

Nedstemt i 2019

Haugesund Turistforening (HT) har mottatt nabovarsel rundt søknaden om løyve til bygging av turveg frå Olalivegen til kommunegrensa i Etne, samt bygging av turveg frå Rusvegen til kommunegrensa til Vindafjord, mot Olalivegen. Styret i HT har delegert ansvaret for slike saker til Naturvernkomiteen (NVK) men er involvert i saker av alvorleg art. Som denne. Første gong NVK behandla saka om bygging av turvegen frå Rus og til Olalivegen blei saka samrøysta nedstemt allereie i 2019. Resultatet frå behandlinga blei også overlevert Vindafjord Turlag, som då responderte med å legge vekk heile saka. No har Haugesund Turistforening behandla søknaden frå Ølen idrettslag, og dei reagerer på at andre foreiningar og lag har fått kome med innspel og tilrådingar, mens HT sine tidlegare vedtak i saka til dette prosjektet ikkje ein gong er med som vedlegg.

— Det er lite tilfredsstillande då Haugesund Turistforening er største aktøren i kjerneområdet til Olalia, seier Karl Andreas Knudsen som er leiar i naturvernkomiteen i HT.

Mangel i analyse

Styre i HT behandla igjen saka i slutten av januar 2023, og nok ein gong gjekk heile styret einstemmig mot prosjektet. Vindafjord Turlag blei informert om vedtaket. Mens søknaden til Ølen idrettslag understrekar at ein ny veg blir betre for friluftslivet i området, meiner NVK at området sin høgnatur innbyr til flott naturoppleving i eit urørt område som er tett innpå både Olalia og Rusområdet. Kvaliteten i området må ikkje forringast med veg som innbyr til motorisert ferdsel og sykkelløype, for det er ikkje foreina med HT si oppgåve i regionen.

— Det er nok av tilbod til sykkel og turar på veg både i Etne og Vindafjord, seier Knudsen.

NVK meiner også den viktigaste mangelen i ein ROS-anaylse som er gjennomført, er den potensielle auken i ferdsel og motorisert ferdsel i området i framtida. Tiltaka på Etne-sida har preg av å få bygd ein landbruksveg til Fossastølen og Kattastølane for motorisert transport, både av menneske, dyr og til drift av hyttene. Det står i sterk kontrast til det å villa ha eit friluftsliv i ro og fred utan motorisert trafikk.

Revidert søknad

Johan Strømsvold meiner denne saka må opp i kommunestyret, og då vil han tilrå at heile prosjektet blir skrota.

— Etne Venstre meiner at forlenging av tursti til Dagsturhytta må komma i eigen søknad til kommunen, seier han.

I den reviderte søknaden frå Ølen idrettslag uttalar Arne Gunnar Habbestad, som forfattar søknaden for idrettslaget, at hovudgrunnen for prosjektet er å få knytt saman turområda mellom Olalia og Rus og for å betra tilhøva for friluftsliv i området. For å imøtekomma innspela frå dei ulike instansane har dei også gjort endringar av mellom anna traseen for turvegen. Habbestad skriv også i søknaden at tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle, inngår i nasjonale mål for friluftspolitikken.

Ny tursti mellom Olalia og Rus vil gjera to gode turområde lettare tilgjengelege og opna opp for fleire brukarar, kjem det fram av søknaden.

Idrettslaget kan også søkja om spelemidlar til eit slikt prosjekt, og Habbestad reknar ikkje med at dette skal bli ei utgift for nokre av kommunane.

Powered by Labrador CMS