Finanstilsynet har kontrollert ti norske bankar, finansinstitusjonar og inkassoselskap. Tilsynet fann at 40.000 kundar har betalt for høge inkassogebyr. No må selskapa tilbakebetale med renter.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
40.000 bankkundar har betalt for høge inkassogebyr
Ifølgje ein rapport frå Finanstilsynet har minst 40.000 kundar betalt for høge inkassogebyr til norske bankar.
Storbanken Nordea stadfestar overfor Dagens Næringsliv at dei har funne 26.000 saker i norske Nordea-selskap åleine.
Finanstilsynet skriv i rapporten at De totale beløpsmessige konsekvensene er ikke ferdig kartlagt, men så langt er det snakk om flere titall millioner kroner».
Kundar som har betalt feilaktig høge gebyr, har krav på å få betalt tilbake purregebyr, utanrettslege kostnader og renter av desse.
Tilbakebetalingane er i full gang, og hos nokre av bankane går feilfaktureringa såpass langt tilbake som 2009 og 2013.
Ifølgje rapporten er det dei følgjande ti finans- og inkassoføretaka som har slike feil: Fana Sparebank, KLP Banken, Nordea Bank, Nordea Eiendomskreditt, Nordea Finans Norge, Norgesgruppen Finans, Sparebank 1 SR-Bank, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Sør, Sparebanken Vest og dessutan inkassokonserna Intrum, Kredinor og Lowell Norge, skriv avisa.
Desse sakene kjem i tillegg til ei eksisterande sak om for høge gebyr hos Danske Bank, der over 184 000 kundar har betalt for høge inkassogebyr.