Denne veka gjennomfører politiet i heile landet ekstra promillekontrollar.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Denne veka skjerpar politiet ruskontrollane
Desember er høgtid for juleselskap, fest og moro. Vinmonopol-salet skyt i vêret, og talet på juleselskap er mange. Det aukar risikoen for dagen derpå-promille, og trafikkulykker.
Så langt i år har 10.643 førarar vorte melde av politiet for ruspåverka køyring. Det er ein auke på 19 prosent frå same periode i 2021 (8916 meldingar), og ein nedgang på 3 prosent frå 2022 (10.963 meldingar).
Måndag 11. desember starta aksjonsveka der politiet har ekstra merksemd på ruskøyring i trafikken.
– Politiet førebyggjer og avdekkjer ruspåverka køyring kvar dag. Ein ruspåverka sjåfør har ingenting i trafikken å gjere og vi oppmodar alle trafikantar til å bidra til trafikktryggleik ved å køyre rusfri, seier UP-sjef Knut Smedsrud.
– Ein ruspåverka sjåfør utset ikkje berre seg sjølv, men også andre trafikantar for fare. I 22 prosent av dødsulykkene er ruspåverknad ei medverkande årsak til ulykka.