Donerte håret sitt til parykkmakar
Det var litt tilfeldig at Øyvind Kaldheim (57) enda opp med å bli ein langhåra sølvrev», men misjonen bak har ei meining.
Det lange gråe håret til Øyvind Kaldheim frå Etne fordeler seg i eit dusin hestehalar over heile hovudet, før frisør Elin Skogland klipper av den eine hestehalen etter den andre. Til slutt sit Kaldheim skamklipt» igjen i stolen, og det ser i grunnen ut som om ein 5-åring har fått leika frisør ei stund. Men stunda i frisørstolen til Luggen frisør i Tysvær er berre halvgått, og så snart frisøren får lagt alle dei lause hestehalane forsiktig til sides, startar jobben med å fjonga 57-åringen med ein moteriktig hårsveis.
— Desse skal eg ta godt vare på, for så flotte og grå hårstrå er det ikkje lett å oppdriva, seier Elin Skogland som i 38 år har vore parykkmakar. Poenget med å samla håret i buntar med hestehalar er også viktig, for kvart hårstrå er utstyrt med eit skjell-lag, og om ikkje hårstråa ligg rette vegen side om side, så blir det ein parykk som blir umogleg å greie fri for flokar etter vask.
Fekk idé frå tv