Dagleg leiar Gudrun Margrete Dyrseth i Juletrebonden viser fram Nyt Norge-logen som dei nå får ha på juletrea sine.
Pressefoto: Juletrbonden
Næringsliv
Først i Noreg til å få eksklusivt merke
Juletrebonden AS sine bønder på Svandal Juletregard i Imsland er saman med Bjelland Juletregard i Tysvær dei første i Noreg til å kunne tilby Nyt Norge-merka juletre.
Nyt Norge er ei merking for norske matvarer som blei etablert av Stiftelsen Norsk Mat i 2009. Sidan har det utvida merkeordninga til å også gjelde varegruppene blomster og planter, og i år blei juletre inkludert.
For å få Nyt Norge-merket må råvarene i eit produkt vere norske, produktet vere produsert og pakka i Noreg, og råvareprodusentane kunne dokumenterer at dei følgjer Kvalitetssystemet i Landbruket (KSL). KSL-ordninga stiller krav til miljøomsyn, berekraft, arbeidsforhold og lovleg forvaltning av skog eigedom.