John Arne Riise, her i i den karakteristiske drakta til Avaldsnes IL, har vore hovudtrenar for damelaget.
FOTO: AVALDSNES IL
Fotball: John Arne Riise ferdig i Avaldsnes
Fotballprofilen John Are Riise trekker seg som trenar i Avaldsnes IL.
Klubben berga i utgangspunktet plassen i toppserien for kvinner, men blei nylig fråtatt toppserielisensin grunna sine økonomiske utfordringar.
Ifølgje Haugesunds Avis er det Riise sjølv som har tatt initativ til å bli løyst frå kontrakten som han hadde ut 2024-sesongen. Dette for å hjelpe klubben i ein krevjande økonomisk situasjon etter det ufrivillige nedrykket.