Næringsliv
Hanka i land storkontrakt
Når firma med kontorplass i Medvind-bygget i Ølensvåg sikrar seg kontraktar er skikken å markera avtalen med eitt ring for kvar kontraktsmillion på veggklokka i fellesrommet. Onsdag måtte Vidar Miljeteig (45) dra skikkeleg i snora etter å ha sikra seg storkontrakt.
— Nå må eg nok ringja meir enn 10 gonger. Dette er kjempestort. Nå er eg kjempeletta, seier dagleg leiar i Elementbygg Vest AS, Vidar Miljeteig og smiler frå øyre til øyre etter å ha danka ut tungvektarar som Finnøy Betong, Veidekke og Heidelberg i konkurransen om levering av råbygg til den nye brannstasjonen på Raglamyr i Karmøy.
Det ferske firmaet med base i Ølensvåg såg dagens lys i august i fjor, og har heilt sidan starten hatt godt med arbeid både lokalt og på Aust-og Sørlandet. Men å få levera råbygg beståande av betongelement og stålkonstruksjon til nybygget på Raglamyr, der entreprenørfirmaet Engelsen Bygg AS er totalentreprenør, er i følgje Miljeteig eineståande.
— Dette er ei tillitserklæring. Me er nystarta og små, og me konkurrerte med dei store, seier han.
Godt forarbeid
Det nystarta firmaet med dei to ølensbuane Vidar Miljeteig og Runar Mosdal Havsgård på eigarsida, var godt førebudd då dei leverte inn anbodspapira. God kvalitet på forarbeidet i tillegg til pris førte dei til topps i anbodskonkurransen.
— Me valde å jobba på detaljnivå i anbodsfasen. Me fekk skryt for gjennomføring av tilbod, seier Miljeteig.
Grunnarbeidet med nybygget til Haugaland Brann og Redning, der Vindafjord kommune er ein av seks samarbeidskommunar, startar alt på fredag. Jobben som Elementbygg Vest skal utføra tek først til utpå vårparten.
— Me skal levera råbygget og startar arbeidet i april/mai. Råbygget består av betongelement inne og ute, hulldekke og stålkonstruksjonar. Vognhallane er i stål og hovudbygget er i betongelement. Hå Betong på Jæren skal støypa betongelementa. Me har dyktige underleverandørar med oss, seier han og reknar med rundt to månaders byggetid før råbygget er oppe.
Mange oppdrag
Sidan starten i 2022 har firmaet utført ei rekkje oppdrag for både små og store firma. Til Boliden sitt siste prosjekt ved fabrikken i Odda har dei levert mellom anna teknisk rom og til Eramet sitt fabrikkanlegg i Sauda jobbar dei med bygg av motorcelle til gassturbinar.
— Me jobbar for Br. Selvik i Sauda og har montert eit bygg inne i den gamle kokshallen på Eramet som er over 100 år gamal, fortel Miljeteig.
Parallelt med den nye kontrakten på brannbygget reknar dei på nye anbod.
— Me har mange andre prosjekt som me reknar på i distriktet, seier han.
Men enkeltoppdrag i fleire millionarsklassen er sjeldan kost for det vesle firmaet med 7 personar på lønningslista i tillegg til dagleg leiar og ein omsetnad så langt på 30 millionar.
— Det er veldig kjekt å få byggja noko i denne storleiken lokalt. Me har rigga oss for slike oppdrag med kombinasjon av stål og betong. Me budsjetterte med 30 millionar for 2024, og dette er nesten heile budsjetter, seier ein nøgd leiar.
Satsing
Miljeteig har bakgrunn som byggmeister og har mellom anna jobba som driftsleiar i Nordbohus. I tillegg har han erfaring frå betongbransjen gjennom sin tidlegare jobb i Ølen Betong. Det kjem godt til nytte i det nye firmaet.
— Me følgjer opp same kundemasse som eg hadde i min tidlegare jobb, seier Miljeteig som forlet ein trygg jobb i betongfirmaet for å starta sitt eige føretak saman med Runar som i dag er montasjeleiar.
At kombinasjonen stål og betong er liv laga er han ikkje i tvil om.
— Me hadde tru på det me heldt på med og såg eit behov, seier han.
Miljeteig har i dag sin faste kontorplass i Medvind-bygget der han var stasjonertunder si fartstid i Nordbohus. Her trivst han som plomma i egget, men behov for lagerplass har ført han på tomtejakt i håp om å få setja opp eige lagerbygg.
— Me treng litt lager til utstyr og har dialog med kommunen, seier han.