Slik ser Vegvesenet for seg ny kurvatur på siste strekket frå Mørkeli og opp til Fikse. Statsforvaltarane i både Rogaland og Vestland har innvendingar mot planar i prosjektet.ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN
Inviterer til open veg-dag
Utbetring av strekninga Ølen–Mørkeli startar etter planen opp i 2024 og 11. desember inviterer Statens vegvesen til open dag på hos Medvind24 i Ølensvåg.
Det er Medvind24 som melder dette på sine heimesider, og invitasjonen er mynta på både råka grunneigarar og andre interesserte som ønskjer å vita meir om prosjektet rundt gul stripe» frå Ølen til Mørkeli i Etne.
Utbetringa av ulukke-strekninga er sterkt ønskt frå mange hald, ikkje minst for å sikra ein tryggare og breiare veg. No er planane ute på høyring, i første omgang gjeld det strekninga mellom Ølen og Mørkeli. Om ikkje lenge er det også oppstart i planlegginga av den andre delen av strekninga, nemleg mellom Mørkeli og Gjerde.
På open dag håpar Statens vegvesen å vere tilgjengelege for grunneigarane som har spørsmål, og her kan dei gå gjennom teikningar i prosjektet, og presentera problemstillingar rundt avkøyrsler med meir. Det fortel planleggingsleiar i Statens vegvesen, Elisabeth Danielsen.