Kommunestyret i Vindafjord samla seg bak åtte verbalforslag til budsjettet for 2023. Foto: Svein-Erik Larsen
Kommunestyret i Vindafjord samla seg bak åtte verbalforslag til budsjettet for 2023.

Kommunestyret fann saman

Alle partia stemte for sine eigne budsjettforslag under kommunestyremøtet i Vindafjord tysdag. Det blei likevel gjort eit samrøysta vedtak på åtte viktige punkt for styringa av kommunen framover.

Publisert Sist oppdatert

— Me byggjer kultur for korleis me jobbar saman, sa Jan Idar Haugen (Sp), som presenterte dei felles verbalvedtaka.

Fleirtalskoalisjonen av Sp, KrF og Ap fekk som venta gjennom sitt budsjett for 2024 og økonomiplan for 2024-2027 med 13 mot 12 stemmer. I tillegg blei det gjort samrøysta verbalvedtak om samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, gjennomgang av ressursbruken i kommunen, bruk av integreringsmidlar, uteområde på barnehagar og skular, reduksjon i ressursbruk, klimatiltak, overskriding i helse og omsorgssektoren, og tomte- og bustadutvikling.

Meir om fleirtalsbudsjettet her:

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS