Forskotsbeløpet for å få ferjerabatt blir endra frå nyttår.Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Forskotsbeløpet for å få ferjerabatt blir endra frå nyttår.

Neste år må du betale mindre forskot på ferjekorta for å få rabatt

Publisert Sist oppdatert
I 2024 blir kravet til forskotsbeløp for Autopass-ferjekort kutta med ein tredel slik at ein ikkje treng å binde opp like mange pengar for å få rabatt.

Det gjeld både for privatpersonar og bedriftskundar, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

Dette er forskotsbeløpa i 2024:

• Takstgruppe 1 (køyretøy frå 0 til 8 meter) blir reduserte frå 3000 kroner til 2000 kroner.

• Takstgruppe 2 (køyretøy frå 8,01 til 17,50 meter) blir reduserte frå 14.800 kroner til 9.900 kroner.

• Takstgruppe 3 (køyretøy over 17,51 meter) blir reduserte frå 28.000 kroner til 18.700 kroner.

Kva pris ein betalar på ferje, avheng av ulike kriterium, men for å få rabatt på ferjebilletten, må det innbetalast eit forskot som kvar reise blir trekt frå i ettertid. I dag er det mogleg å oppnå 50 prosent rabatt for privatkundar og 40 prosent rabatt for bedriftskundar med Autopass-ferjekonto.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS