Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung flyttar inn i splitter nytt departement 1. januar 2024. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung flyttar inn i splitter nytt departement 1. januar 2024.

Nytt departement vert oppretta 1. januar

Publisert Sist oppdatert
Frå 1. januar får Noreg eit splitter nytt departement. Karianne Tung (Ap) vart utnemnt som digitaliserings- og forvaltningsminister i oktober i rå, men får først på nyåret eige departement.

Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet er det første nye departementet på nesten 20 år.

–Vi skal bygge landet på nytt med digitalisering som verktøy. Digitaliseringa rører ved heile samfunnet og er først og fremst ei moglegheit til å gjere liva våre enklare og betre, finne svar på store samfunnsutfordringar og skape nye jobbar, seier digitaliserings- og forvaltningsministeren.

Det nye departrementet får eit hovudansvar for utvikling og samordning av digitaliseringspolitikken, heiter det på regjeringa sine nettsider.

–Både i Europa og verda vert det satsa tungt på kunstig intelligens. Sjølv om Noreg ligg langt framme i digitaliseringspolitikken, vi lvi framover ha ei heilt nyt kraft til å finne ut korleis vi skal regulere, utvikle og bruke kunstig intelligens til det beste for samfunnet og norsk næringsliv, seier Tung.

Vidare heiter det at departementet skal sjå på teknologiutvikling, forvaltningspolitikk og arbeidsgivarpolitikk i samanheng for å skape ein betre og meir effektiv offentleg sektor.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS