Opnar frøbibliotek i Etne
I det nye frøbiblioteket i Etne ligg stablar med frø frå fleire titals ulike planter og ventar på nye eigarar. Når dørene opnar i januar er det berre å stikka innom og forsyna seg.
Frøbibliotek er ei ordning der ein kan låna frø for å dyrka pryd-eller nyttevekstar heime i eigen hage. Og når hausten kjem og plantane gjer seg klar for vinterdvalen kan du hausta frøa frå plantane du har dyrka og levera dei tilbake til biblioteket slik at andre kan få nytte av dei neste år. Prinsippet Lån-Dyrk-Sank-Lever er utgangspunktet for ideen om frøbibliotek, og over heile landet dukkar det stadig opp slike tilbod til nytte og glede for alle hageinteresserte. I Etne har Etne hagelag inngått samarbeid med Etne bibliotek for å tilby gratis frø til alle som ønskjer å testa sin grøne fingrar, enten dei er ferske i faget eller har lang erfaring med hage som hobby.
— Målet er at heile Etne skal blomstra. Dette er eit lågterskel tilbod for å spreie hageglede, seier leiar i Etne hagelag, Marta Onstein og håpar mange vil nytta seg av det nye tilbodet.
— Alt er gratis. Me har fire kategoriar planter. Sommarblomar, staudar, etande vekstar og ville blomster, seier ho.