Frå heimen kor Alf Magnar Habbestad blei funne død.
Arkivfoto: Nils Tokheim
Mann funnen død
Politiet om Ølensvåg-saka: — Me er i ein ventefase
Kvinna som er sikta for drap på Alf Magnar Habbestad (64) i Ølensvåg må truleg belage seg på å sitje i varetekt heilt fram til ei eventuell hovudforhandling i tingretten. Ho nektar framleis for å ha noko med dødsfallet å gjere.
Det var 13. august i år at Alf Magnar Habbestad (64) blei funnen død på sin adresse i Ølensvåg. Kona hans blei gripen på staden, og politiet har sikta ho for drap.
Fire månadar etter hendinga sit kvinna framleis i varetekt. Den siste kjenninga frå tingretten går ut 29. desember.
Les alt om dødsfallet i Ølensvåg her: Mann funnen død