Tore Renberg-kveld på Ølen bibliotek 6. desember 2023.
Anne Margrethe Eidhammer frå Ølen kjøpte Renberg si nyaste bok og fekk ho signert.
Tore Renberg-kveld på Ølen bibliotek 6. desember 2023.
Rundt 85 litteraturinteresserte var tilhøyrarar. Mange kjende openbert godt til forfattargjerninga til Renberg.
Tore Renberg-kveld på Ølen bibliotek 6. desember 2023.
Ikkje blomar, men mokkabønner. Biblioteksjef Silde Holden Birkeland skapte stemning med den originale gåva som Tore Renberg lova å kosa seg med i bilen heim til Stavanger.
Tore Renberg-kveld på Ølen bibliotek 6. desember 2023.
Liv Tengesdal frå Sandnes, med fritidsbustad i Ilsvåg, var engasjert spørsmålstillar som fekk ros av Renberg for spørsmåla sine.
Tore Renberg-kveld på Ølen bibliotek 6. desember 2023.
Leiar i Vindafjord Mållag, Elling Hetland, var medarrangør og innleia kvelden.
Tore Renberg-kveld på Ølen bibliotek 6. desember 2023.
Tore Renberg var under forfattarkvelden fleire gonger innom musikk. Han legg mykje vekt på tekst, og var tydeleg på at han heller hadde sett at Leonard Cohen hadde fått Nobelprisen i litteratur enn Bob Dylan.

Kultur

Snakka varmt om farmor frå Etne

Kritikarroste Tore Renberg samla Anne Margrethe Eidhammer og 85 andre litteraturinteresserte då Vindafjord Mållag og Vindafjord Bibliotek inviterte til innblikk i ein forfattar sitt liv.

Publisert Sist oppdatert

Det slett ikkje alle veit er at den 51 år gamle stavangerforfattaren har farmor frå Etne og biologisk farfar frå Nedre Vats.

Dei to fann aldri i lag, så farmora drog til slekta i Stavanger som åleinemor på 30-talet. Renberg uttrykte eit betre forhold til Etne enn til Nedre Vats, noko som hadde å gjera med den låge kontakten til det biologiske opphavet sitt på farfarsida.

Renberg viste denne kvelden at det ikkje berre er det skrivne ordet han meistrar, og han tileigna gode aner frå farmor når det gjeld formidling.

Rundt 85 litteraturinteresserte var tilhøyrarar. Mange kjende openbert godt til forfattargjerninga til Renberg.

Produktiv

Detaljane i bøkene blir til ein viss grad til medan han skriv, men tilnærminga til fakta tar han ikkje lett på.

— Alt eg gjer er styrt av ting eg blir fascinert av. Før min nyaste roman, Lungeflyteprøven», måtte eg læra meg ein masse nytt. For å få det autentisk, var eg nøydd å stadfesta romanen til litt sør for Leipzig i Tyskland rundt år 1700 og eg såg meg nøydd å læra meg gotisk tysk, seier Renberg om boka som tidlegare i år fekk terningkast seks både i Dagbladet, VG, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Nettavisen.

— Dersom nokon hadde sagt til meg for få år sidan at eg kom til å skriva ein roman basert på den famlande oppstarten for over 300 år sidan av det som blei moderne rettsmedisin, så ville eg sagt at det nok heller kom til å bli ein roman rundt britisk popmusikk som eg kan mykje om, seier han ironisk.

Liv Tengesdal frå Sandnes, med fritidsbustad i Ilsvåg, var engasjert spørsmålstillar som fekk ros av Renberg for spørsmåla sine.

Renberg gledde seg over at mange av tilhøyrarane verkeleg hadde lese verka hans. Lyttarane fekk innblikk i ein slags eigen kritikk av det han har skrive, og det var med gode innslag av humor han mellom anna repliserte med kondolerer etter at han hadde spurt om nokon hadde lese verka hans om Hillevågsgjengen. Då fleire rakk opp handa då han spurte om det var norsklærarar i salen, lo han og sa at slik er det alltid.

— Eg står for alt eg har skrive ut frå livet mitt då eg skreiv det, men Lungeflyteprøven», Tollak til Ingeborg» og Du er så lys», står eg spesielt ved, seier han.

Snittalder blant publikum var relativt høg, men Renberg la fort merke til to tjueåringar frå Ølensvåg på bakerste benk. Sara Agnethe Eikesdal og Mari Gravelsæter Berge var dei to yngste tilhøyrarane. Eikesdal som tek fagbrev innan frisøryrket i Haugesund, og venninna Berge som studerer arkitektur i Melbourne i Australia, hadde oppdaga Renberg då dei gjekk på vidaregåande.

Nynorsken

Renberg har òg ei musikalsk side. Han har samarbeida med mange renommerte musikarar i landet, og dette tek oss nok ein gong til Etne. Anne Lise Frøkedal, originalt frå Etne, har nemleg vore med i fleire av musikkprosjekta hans.

Renberg fortalte at han er av den klare oppfatninga at i byane i Rogaland er det eit heilt feilaktig bilete av nynorsk.

— Dialektane i Rogaland er utan tvil basert på nynorsk, og eg snakkar praktisk talt nynorsk. Verst er haldningane i Egersund med Haugesund på andreplass. Best er det no i Stavanger, og ikkje så verst i Sandnes. I mi tid var det berre éin nynorskklasse i heile Stavanger, seier han.

Han har skrive ein del nynorsk i seinare år, og kjem til å skriva meir. Med oppvekst på Madla i Stavanger, brukte han seg sjølv som døme på at nynorsken har dårlege kår i dei urbane delane av Rogaland.

— Eg har aldri opplevd skrivesperre, men under skrivinga av romanen Du er så lys» som kom ut i 2016, fekk eg ikkje den rette flyten. Eg vakna opp ein morgon kor eg hadde fått det klart for meg at eg burde skriva boka på nynorsk heller, seier han.

Det vart eit tidsskilje for Renberg. Han skriv raskare på bokmål, og dermed gjorde han den omfattande romanen Lungeflyteprøven» på bokmål, men nynorsken ligg nærare hans eigen stavangerdialekt og tenking. For nynorskbok nummer to, Tollak til Ingeborg», fekk han for eit par år sidan bokhandlarprisen som første nynorskforfattar sidan Tarjei Vesaas.

Tore Renberg var under forfattarkvelden fleire gonger innom musikk. Han legg mykje vekt på tekst, og var tydeleg på at han heller hadde sett at Leonard Cohen hadde fått Nobelprisen i litteratur enn Bob Dylan.

Fosse

Han fortalte om kontakten han har med den tolv år eldre for tida så aktuelle nobelprisvinnar Jon Fosse, heilt frå tidleg studietid i Bergen.

Leiar i Vindafjord Mållag, Elling Hetland, var medarrangør og innleia kvelden.

— Eg studerte litteraturvitskap og filosofi i Bergen, så det låg til rette for kontakt til den allereie då svært akta forfattaren. Eg spurde han ein gong om eg kunne få lov å til å senda han ei diktsamling for vurdering. Han responderte etter hans uttrykksform ei litt reservert interesse for det, men eg fekk lov. Nokre månader seinare fekk eg eit brev frå han at ikkje alt var like bra, men han avslutta brevet med at me snakkast i forfattarforeininga. Det var ein stor dag for meg, seier Renberg.

Ikkje blomar, men mokkabønner. Biblioteksjef Silde Holden Birkeland skapte stemning med den originale gåva som Tore Renberg lova å kosa seg med i bilen heim til Stavanger.

Elles var han imponert over Sjøperlo, kveldens publikum og arrangørar.

— Det var i det gamle biblioteket i skulebygget eg snakka sist eg var her i Ølen, men omgjevnadane her er noko av det beste eg har sett på lenge. Verkeleg bra, og her må kommunen ha skryt for å ha gjort dette, seier han.

Powered by Labrador CMS