Prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen svarte på spørsmål om planane for E134-prosjektet Ølen Mørkeli. Foto: Svein-Erik Larsen
Prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen svarte på spørsmål om planane for E134-prosjektet Ølen Mørkeli.

Stor interesse for E134-planar

Måndag inviterte Vegvesenet, Norconsult og Etne- og Vindafjord kommune til ope møte om E134-prosjektet Ølen-Mørkeli i Medvind-bygget i Ølensvåg. Prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen var godt fornøgd med responsen frå folk.

Publisert Sist oppdatert

— Der er kjekt at folk kjem innom for å diskutere utfordringar. Me er veldig positive til å høyre folk sine meiningar. Dersom folk kjem med innspel som kan betre planane våre er det veldig bra, seier prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen.

Han fortel at Vegvesenet merkar at dette er ein veg som er ønska og var godt fornøgd med oppslutnaden om møtet. Frå opninga på formiddagen var det eit jamt sig med folk innom møterommet.

Kalleland Vallestad håpar på byggestart i 2024, og fortel at Vegvesenet siktar seg inn mot planvedtak i begge kommunane i mai neste år. Han ser for seg to til to og eit halvt års byggetid før prosjektet er klart.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS