Næringsliv
Ny leiar har planen klar for biogass-stasjonar
Fredrik Breivoll Christiansen blei nyleg tilsett som dagleg leiar i Biogass Energi AS, som skal byggja biogass-fyllestasjonar. Han har store ambisjonar for bedrifta som har eigarar frå Vindafjord og Oslo.
— Målet er å få på plass eit velfungerande nettverk av fyllestasjonar for biogass, som transportnæringa ønskjer å nytte, fortel dagleg leiar Fredrik Breivoll Christiansen i Biogass Energi AS.
Rune Furseth er styreleiar i Biogass Energi og eig 33,30 prosent gjennom selskapet sitt, Smea AS. Knapphus Energi AS og ST1 Norge AS eig kvar 33,35 prosent, og har kvar sin representant i styret. Jarle Sjurseike representerer Knapphus Energi, medan Kristine Vergli Grant-Carlsen er ST1 sin representant.
Biogass Energi har forretningsadresse i Sandeid, men sidan Breivoll Christiansen bur i Fetsund i Lillestrøm kommune skal han ha kontorplass på ST1 sitt hovudkontor i Oslo.
Seks stasjonar
Breivoll Christiansen synest det er spennande å ta fatt på den nye stillinga si. Hans oppgåve blir å driva selskapet framover og gjennomføra bygginga av deira seks første biogassfyllestasjonar. Dei har fått Enova-støtte til å byggja stasjonar i Aksdal, Bergen, Seljord, Rudshøgda, Vestby og Koppang.
— Førebuande arbeid er godt i gang. Tentativ opning for stasjonane er i fjerde kvartal av 2024, fortel Breivoll Christiansen.
Han forklarar at dei skal bygge for flytande biogass (LBG) langs hovudfartsårene i landet mellom dei største byane, for å få på plass eit velfungerande nettverk for transportnæringa. Breivoll Christiansen trur biogass er ein viktig del av den fornybare omstillinga i transportsektoren, saman med elektrisitet og potensielt hydrogen. Ein fordel han ser med biogass er at det er ein moden teknologi som kan takast i bruk allereie i dag.
Styreleiar Rune Furseth fortel at styret er svært glade for å ha Breivoll Christiansen på plass som dagleg leiar, og at dei synest at han allereie har komme godt i gang med dei ulike prosessane.
Nærmar seg investor
Furseth stifta Biogass Energi som grunder i 2011, og Biovind AS, som har planar om å bygge eit biogassanlegg på industriområdet Ølen Næringspark på Dørheim, i 2018. Furseth sitt selskap Smea AS eig i dag 58,07 prosent av Biovind AS, kor han er styreleiar.
Nå er tomta kor Biovind AS har planar om eit biogassanlegg grovplanert, og selskapet er i gang med dei ulike søknadsprosessane for offentleg godkjenning og løyver. Furseth opplyser at dei er heilt i innspurten av prosessen med å velje investor til selskapet.
— Me håpar og trur at dette blir fullført i løpet av 2023, seier Furseth.
Kva gjeld når biogassanlegget kan stå klart, opplyser styreleiaren at leverandørane estimerer rundt 18 månader frå byggestart til anlegget produserer biogass og Co2.
Med heile vegen
Styreleiaren fortel at ambisjonane til Biovind AS er å produsere Co2-nøytral biogass og Co2 ut frå substrat som kjem frå nærmiljøet, altså innanfor eit avgrensa geografisk område. Dei vil også vere ein samarbeidspartnar for bøndene og slakteria, og legge til rette for at dei i framtida kan oppfylle stadig strengare krav til Co2-fri produksjon og reglar for spreieareal.
— Om det blir fleire enn eit anlegg vil avhenge av kva investor me til slutt landar og korleis biogass-marknaden utviklar seg dei neste to til fem åra, fortel Furseth.
Kva gjeld Biogass Energi AS, viser Furseth til at dei har ein strategi for eit landsdekkande nettverk av fyllestasjonar for biogass. Han fortel at i del ein av selskapet sin strategi har dei plan for sju fyllestasjonar i sør.
— Så får me sjå om marknaden veks og me kan gå vidare med del to av strategien, seier styreleiaren.
I tillegg til grunder-verksemd innanfor biogass, har sandeidbuen Furseth lang erfaring frå transportnæringa. Han er dagleg leiar og største eigar i Nor-log AS, som gjennom ei samanslåing av ni underselskap blei Noregs største transportør i fjor. I 2022 omsette selskapet for over to milliardar kroner. Furseth fortel at dei med sine 1.000 transporteiningar har som berekraftmål å vere Co2 nøytrale innan 2030.
— Me meiner at biogass er ei av fleire energiformer som det må etablerast meir produksjon og nettverk for i Noreg, om me skal kunne nytte oss av det. Då blir arbeidet som gjerast i Biovind AS og Biogass Energi AS avgjerande for om me når våre mål, seier Furseth.