Magne Christiansen vaks opp på bakeriet, men blei heller banksjef enn bakar.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Fleire offer for banksvindel i Etne og Vindafjord
SpareBank 1 SR-Bank sine tal på svindelsaker er tredobla frå i fjor, og kvar månad blir dett sette nye rekordar. På banken sitt kontor i Ølen ser banksjef Magne Christiansen same trend lokalt.
— Det er alarmerande og stiller uvanleg store krav til oss som bank, til kundane våre og til forbrukarar generelt, seier banksjef Magne Christiansen på SpareBank 1 SR-Bank sitt kontor i Ølen.
For tidsrommet juni, juli og august fann det lokale kontoret ut at det var 14 svindelforsøk. Dei har ikkje fått inn lokale tal etter dette, men dei opplever at trenden er stigande. Christiansen seier at det knapt gir ein time på dagen ut at nokon av SpareBank 1 SR-Bank sine kundar blir forsøkt svindla.
— Sjølv om kundane er blitt flinke til å varsle både banken og politiet, veit me at det dessverre også framleis er store mørketal, fortel banksjefen.
Han minner om at verken politi eller bank vil etterspørje BankID og passord eller kortinformasjon, og dersom banken har mistanke om at kundane deira er utsett for svindel så blir kundeforholdet stengt ned, og pengane blir ikkje flytta.