Utrykkingspolitiet er stadig å sjå på Liaheia i Vindafjord.
ARKVIFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Tatt i 136 kilometer i timen
Eing ung mann kan gløyme å køyre bil på ei god stund etter å ha blitt målt til heile 136 kilometer i timen på E134 ved Liaheia i november.
Det var i slutten av november i år hendinga fann sted. Han løyrde forbi ein lastebil utan tilhenger og ein saktegåande personbil på E134 på Liaheia. Han var på veg i retning Haugesund då politiet, som hadde stilt seg opp med laser målte han til 136 kilometer i timen.
Mannen erklærte seg skuldig og aksepterte ei tilståingsdom då saka mot han gjekk for Haugaland og Sunnhordland tingrett nyleg.
I retten vart sjåføren dømd til 14 dagars fengsel, med moglegheit for å sone med ein fotlenke, noko han uttrykte ynskje om. I tillegg til fengselsstraff vart han også pålagt å miste føreretten i 10 månader, og han må avleggje praktisk førarprøve når han prøver å gjenvinne førarkortet sitt.