Overraska av bjørn på utedo
Kva hadde du gjort om du sat i Guds frie kanadiske natur, utførte eit nødvendig ærend, og plutseleg oppdagar ein grizzly rett bak deg? Kva Morten Brekke gjorde, får folk nyss i neste tysdag.
Morten Brekke frå Skjold har dei siste 30-40 åra vore så heldige at han har levd av hobbyen sin. Gjennom mangfaldige turar til den kanadiske villmarka der han har filma, fotografert og dokumentert villmarkslivet, held han no foredrag for publikum, han skriv bøker og han lagar filmar om tema. Tysdag neste veke kjem han til Skjold Arena for det han kallar eit villmarkshow.
— Eg har kalla showet Åleine i Canada med grizzly som nabo» og er frå ein tur eg hadde i fjor sommar, seier Morten Brekke.
Han har vore på slike villmarksturar før også, men dette var første gong han reiste åleine. Reisa gjekk til Yukon-territoriet vest i Canada, mot grensa til Alaska. Landet består stort sett av provinsar, men heilt nord er det tre territoria, og Yukon er ein av dei.