Få ny bustadprosjekt har komme i gang i Vindafjord kommune så langt i 2025. Her frå bygginga av ein tomannsbustad på Roa-feltet i 2023.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Fleire byggeprosjekt i sving
Kartverket har laga ein oversikt over bustadtala i Rogaland i 2023. I det nasjonale mediebilete har det vore snakka om ein stopp i marknaden for nybygg, med det er framleis aktivitet i Vindafjord.
Det blei gitt 17 rammeløyve i Vindafjord i fjor, seks av desse i desember. Dette var rett bak Tysvær, der det blei gitt 20 rammeløyve. For Haugesund og Karmøy var tala 77 og 61. Totalt blei det gitt 1.140 rammeløyve i Rogaland.
Fleire i gang
36 søknadar fekk igangsetjingsløyve i Vindafjord i 2023, der av seks i desember. Blant desse var Kalstveit og Vik, Knapphus Kjøkkensenter, Hatteland Gruppen og Knapphus Energi som nyleg starta gravearbeidet for å bygge seks leilegheiter fordelt mellom to- og firemannsbustadar i Knapphusfeltet i Vats.