Full fart for brøytemannskapet
Intense nedbørsperiodar gir utfordringar for brøytemannskapet når vegnettet skal haldast farbart vinterstid. På riksvegane og fylkesvegane i Etne og Vindafjord er det i desse dagar full beredskap for å halda snøen borte.
Snø og glatte vegar skapar til tider utfordringar for vegfarande vinterstid. Kvar vinter blir det brukt rundt 1 milliard kroner til vinterdrift av riksvegar, viser tal frå Statens vegvesen. Dette utgjer rundt 20 prosent av kostnader til drift og vedlikehald. Vinteren 2022/23 blei det brukt 112 000 tonn salt og 147 000 tonn sand på riksvegane. Det blei køyrd 6,6 millioner brøytekilometer som tilsvarer gjennomsnittleg 300 brøyteturer fram og tilbake på dette vegnettet.
Sjølv med store ressursar tilgjengeleg kan det vera krevjande å halda vegane farbare. Særleg gjeld det i periodar med mykje nedbør over kort tid. Ved Statens Vegvesen, som har ansvar for riksvegen i Etne og Vindafjord, set dei inn fullt mannskap når vêrmeldingane varslar mykje snø. Men blir snøføyka for tett held det hardt å halda vegen snøfri til ei kvar tid.
— Brøytemannskapa gjer så godt dei kan. Men med mykje snø kan det blir vanskelege køyreforhold, seier overingeniør i Statens vegvesen, Rolf Anders Tønder.