Vil invitere kongen til Etne
Kongeparet har aldri vore på offisielt besøk i Grannar-distriktet. I mai kjem dei, men berre til Vindafjord. — Me jobbar med å få til eit kongeleg besøk også i Etne, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).
Grannar kunne allereie i august i fjor skrive at kommunane Lund, Randaberg og Vindafjord i samarbeid med Statsforvaltaren i Vindafjord hadde tatt initiativ til å ønskje kongen velkommen til fylkesbesøk i Rogaland. Dei er nemleg tre av dei 18 kommunane Kongen enno ikkje har vore offisielt besøk i.
Kongen har uttalt at han har som mål å få besøkt alle landets kommunar. Denne veka blei det stadfesta at kongeparet kjem på offisielt besøk til Vindafjord kommune 30. mai i år.
Men Kongen, som fyller 87 år den 21. februar, har heller ikkje vore i Etne kommune, og mange spør seg no om kvifor Kongeparet ikkje nyttar høvet til å bidra til ein folkefest for begge kommunane, som elles har så tett samkvem. Då hadde kongen også kunne kryssa av Etne på lista.
Då Grannar i august i fjor skreiv om eit mogeleg kongeleg i Grannar-distriktet i 2024 sa Vindafjord-ordførar at han ikkje visste at kongen ikkje hadde vore i Etne, men la til at naboane raskt kunne hive seg på. Det har ikkje Etne gjort.
Ønskjer besøk
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) har ønskja Vindafjord kommune lykke til med besøket av kongeparet i mai. Når det kjem til eit eventuelt kongeleg besøk i Etne er ho meir ordknapp.
— Me jobbar for å kunne invitere kongeparet til Etne i ei anna anledning. Men eg vil ikkje seie noko om kva me har i tankane enno, seier ho.
— Kva tid bør eit kongeleg besøk i Etne skje?
— Kongen byrjar jo å nå ein høg alder, så me håpar jo det skal la seg gjere i løpet av dei næraste åra, seier ho.
Ho medgir at avstanden frå Etne kommune til dei andre kommunane kongen manglar på lista si, lengre nord i Vestland, er lang. Men ho ser likevel ikkje vekk frå at kongeparet likevel kan reise til Etne i samband med eit fylkesbesøk.
Slottet svarer
Etter det Grannar kjenner til er det ikkje tatt initiativ til noko fylkesbesøk i Vestland per no, og avisa har har stilt dette spørsmålet til Slottet:
— Det er ei knapp mil mellom dei to kommunesentra, og Etne er også ein kommune kongen og dronninga ikkje har vore i før. Kvifor ikkje slå to floger i ein smekk?
Slottet, ved kommunikasjonsrådgjevar Sara Svanemyr, har svara dette i ein e-post:
Takk for førespurnaden. Fylkesturane er eit fin høve for Kongeparet og Kronprinsparet til å møte folket i ulike delar av landet og få eit innblikk i deira liv og virke. Ein fylkestur er ei reise over 2-3 dagar der fleire kommunar blir vitja. Normalt blir det gjennomført to fylkesturar kvart år – ein for Kongeparet og ein for Kronprinsparet. Som det går fram i pressemeldinga publisert måndag, går Kongeparets fylkestur i år til fylka Rogaland og Agder.»