Det vil vere stabil tilgang på poteter framover. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Det vil vere stabil tilgang på poteter framover.

Landbruksdirektoratet: – Norske poteter vil vere tilgjengeleg ei stund til

Publisert Sist oppdatert
Førre veke varsla Landbruksdirektoratet at det kan bli mangel på norske poteter i vår. Direktoratet reknar med at potetene vil vere tilgjengeleg ei stund til.

– Omsetninga av poteter er stabil, og kvaliteten ut i butikk er bra. Kaldt vêr fører til at transporten av poteter inn til pakkeri må planleggjast nøye, for å hindre at kvaliteten blir dårlegare. Norske poteter vil vere tilgjengeleg ei stund til, men det kan oppstå mangel utover våren. Dette kjem av at ein relativt stor del av avlinga gjekk tapt i dei spesielle vêrforholda som rådde i vekstsesongen 2023, skriv Landbruksdirektoratet på nettsidene sine .

Ordlyden i anslaga har dermed endra seg noko sidan førre veka då dei fortalde at den dramatiske reduksjonen for konsumpoteter samla inneber at det ikkje vil bli nok norske poteter til å forsyne marknaden utover våren.

– Det vil føre til auka behov for import av poteter, skreiv dei den gong.

Direktoratet opplyser at dei også vil leggje til rette for import av poteter med nedsett tollavgiftssats når det blir behov for det.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS