Det er ny rekord i talet på fellingar på dette punktet (4.8) i Ver varsam-plakaten. Her heiter det at media må ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering.
I januar i fjor vart åtte aviser felte for å ha formidla vidare namn og bilete på eit barn som var melde sakna. Informasjonen var delt av politiet i samråd med føresette, men Pressens faglige utvalg påpeikar at media har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere kva belastning det er for barnet å bli identifisert, både på kort og lang sikt.
Blant fellingane er dessutan fleire saker som gjeld hendingar og klanderverdige forhold i skulen.
Masseklage
PFU behandla 277 klager i fjor, ein oppgang frå 227 året før, kom det fram då statistikken for 2023 vart lagt fram torsdag.
– 2023 er eigentleg eit ganske normalt år når det gjeld brot og frifinningar, sa PFU-leiar Anne Weider Aasen då ho la fram statistikken
Dei punkta media oftast blir felte for, er 3.2, som gjeld kjeldekritikk og kontroll av opplysningar, og 4.14, som gjeld samtidig imøtegåing.
Ei årsak til den kraftige auken er ei masseklage mot 32 Amedia-aviser som hadde publisert same artikkel. Det var ein reportasje frå Nidaros om ei kvinne som braut ut av Jehovas vitne og også braut med familien. Avisene vart felte fordi familien ikkje vart kontakta for å kunne gi tilsvar.
Flest klagar på NRK
NRK er det mediet som vart felt flest gonger (5) og er også det mediet som har fått flest klager (17). TV 2 er mediet med nest flest klagar – 13 stykk – og vart felt tre gonger. Også Document.no og Oppland Arbeiderblad er felt tre gonger.