Prisdryss under tradisjonell markering
Vindafjord hadde mange namn dei skulle heidre for innsatsen i 2023, då den årlege nyttårsmottakinga gjekk av stabelen søndag ettermiddag.
Nyttårsmottakinga er ein årleg tradisjon som blir arrangert den første søndagen etter nyttår kvart år. I år var det knapt eit ledig sete av dei 240 plassane i amfiet på Sjøperlo denne ettermiddagen. Musikk frå kulturskulen og digitalt show frå scenen, i tillegg til variert underhaldning, skapte ei fin ramme rundt arrangementet. Endre Fjellheim var den som først imponerte med vakre tonar frå flygelet. Seinare var det Eivind Nilsen Riber som serverte godt innøvd fiolinspel. Gunn Rakel Tjelle Jarmer og Lasse Jarmer stod for den humoristiske biten, medan Rossmann heldt minikonsert til slutt.
Alvorleg tema
Årets hovudtalar var noverande Statsforvantar i Rogaland, Bent Høie. Han la vekt på at me har vore gjennom ei krevjande tid, både når det gjeld krig, dyrtid og klimaendringar. Han minna oss om at kongen brukte sterkare ord enn kva han har for vane å gjere, når han snakka om klimaproblematikken i nyttårstalen sin.