Like etter klokka 03.30 natt til i dag fekk politiet melding om at det var høyrt eit smell i tilknyting til eit hus i nærleiken av Haugesund sentrum. Politiet var på staden etter kort tid, skriver Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Ingen personskade
– Det er ingenting som tyder på at smellet er utløyst av skot, og vi er ikkje kjende med at nokon er skadde. Vi vil gjere ytterlegare undersøkingar på adressa i løpet av dagen, og det er difor vakthald på staden inntil vidare. På grunn av funn på staden har politidistriktet bedt om bistand frå politiets bombegruppe i Oslo, seier politiadvokat Sidsel Tunestveit.
Det er fleire bustadeiningar i huset, og bebuarar i andre leilegheiter vart evakuerte. Huset er no tomt.
Ein mann gripen
Då politiet kom til staden kom dei i kontakt med ein mann i 30-åra, som bur på adressa. Vedkommande vart pågripen og sit no i varetekt. To andre menn som var i leilegheita vart også innbrakte, men er no lauslatne.
– Vi er i ein tidleg fase av etterforskinga og må difor vere tilbakehaldne med informasjon. Det er gjennomført avhøyr av mannen som sit i arrest, samt eit vitne. Vi kan førebels ikkje gå inn på kva dei har forklart. Vidare undersøkingar på staden vil vere utgangspunkt for vurderinga av ytterlegare etterforskingsskritt, seier Tunestveit.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.