Verken Guri Ravatn (SV) t.v, eller Modolf Haraldseid (H) t.h var enig med Mats Årvik (Frp) om å utelata basseng i Vindafjordhallen.Foto: Irene Mæland Haarldsen
Både Guri Ravatn (SV f.v.) og Mats Årvik (Frp) undrar seg litt over kvifor stillinga som skule- og barnehagesjef er lyst ut. Her med Modolf Haraldseid (H).
Nils Erik Eide er kommunalsjef for oppvekst i Vindafjord Han jobbar med fleire tiltak. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst i Vindafjord kommune jobbar med å komme Statsforvaltaren i møte.

Stussar over utlysing

I lys av planlagde leiarkutt på to oppvekstsenter og ein vedtatt gjennomgang av administrasjonen stiller Guri Ravatn (SV) og Mats Årvik (Frp) spørsmål ved at Vindafjord kommune har lyst ut jobben som barnehage- og skulesjef.

Publisert Sist oppdatert

— Eg synest det er litt spesielt. Me har sagt at om nokon skal slutte skal ein sjå om det er mogleg å ikkje tilsette nye i stillinga. Her ser det ut som administrasjonen har køyrt på som normalt, seier Mats Årvik (Frp).

I budsjettet for 2024 og økonomiplanen for 2024-2027 blei det vedtatt at ein skal slå saman til ein felles einingsleiar for oppvekstsentera i Imsland og Vikedal, og ein for Vågen og Bjoa. Årvik opnar for at ei avskaffing av barnehage- og skulesjef-stillinga kunne vore ei mogleg erstatning for eller avgrensing av andre kutt i oppvekstsektoren. Han viser til at administrasjonen har signalisert at det er i denne sektoren ein må kutte i åra som kjem.

Årvik er tydeleg på at han meiner stillingane ute hos folk er dei viktigaste. I fleire av sine alternative budsjett har Frp signalisert at vil jobbe for kutt som i minst mogleg grad går utover tenestene.

— Me må sjå på støttefunksjonar og effektivisering, seier Årvik.

Partiet vil utfordre administrasjonen på kvifor barnehage- og skulesjef-stillinga har blitt lyst ut.

Stor evaluering

Nyleg blei det kjent at barnehage- og skulesjef Svein Carlos Nilsen Gjil i Vindafjord kommune skal slutte i jobben for å bli kommunalsjef for oppvekst i Suldal kommune. I same sak som kommunen annonserte Nilsen Gjil sin avgang lyste dei ut stillinga frå 1. april.

— Eg undrar meg litt over det, seier Guri Ravatn (SV).

Som Årvik viser ho til at det i budsjettet for 2024 blei vedtatt at ein skal vurdere alle vakante stillingar når nokon sluttar. Verken Ravatn eller Årvik vågar å svare på om det hadde vore mogleg for administrasjonen å klart seg utan barnehage- og skulesjef-stillinga.

— Me må jo stole på vurderingar som er gjort administrativt av kommunedirektøren, seier Ravatn.

Øyvind Valen (Ap) ønskjer ikkje å uttale seg om barnehage- og skulesjef-stillinga spesifikt, og viser til at det er kommunedirektør Yngve Folven Bergesen som har ansvar for å styre korleis han organiserer administrasjonen innanfor budsjettramma. Kva gjeld den generelle ressursbruken i administrasjonen ser han fram til gjennomgangen av administrasjonen der formannskapet skal vere styringsgruppe.

— Det blir eit stort arbeid, seier Valen.

Viktig stilling

Nilsen Gjil sa opp stillinga si som barnehage- og skulesjef 1. januar. Kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst fortel at saka var oppe i kommunedirektøren si leiargruppe og det blei vurdert slik at stillinga er såpass viktig at dei vil behalde den. Det gjekk to veker frå oppseiinga til dei vedtok å lyse ut stillinga.

— Me brenn for barn og unge, og det ville gått utover kvaliteten om me kutta denne store stillinga, seier Eide.

I utlysinga er barnehage- og skulesjefen sine arbeidsoppgåver lista opp i sju punkt (sjå faktaboks). Eide seier at barnehage- og skulesjefen kjem tett på einingane både kva gjeld, utviklingsarbeid, økonomi og personale, og at jobben som blir gjort er viktig med tanke på dei stadig fleire krava som kjem frå staten. Han kjem til å informere om vurderingane i utval for oppvekst og omsorg (OPOM).

Administrasjonen fekk kritikk for ressursbruken sin i både lesarinnlegg og frå lokalpolitikarar i samband med ei liste som skisserte moglege kutt i fjor haust. For si eigen eining ønskjer Eide å nyansere bilete med å vise til fleire kutt på leiarnivå.

— Me kutta ned på 60 prosent årsverk då me oppretta barnehage- og skulesjefs-stillinga i 2022. Samanlikna med i 2013, då det var ein rådgivar for barnehage og ein for skule, har me kutta eit 100 prosent årsverk, fortel kommunalsjefen.

Vidare trekker han fram at ein av to leiarstillingar forsvann i 2023 då barnehage- og skule blei samla til eit oppvekstsenter med ein leiar i Sandeid og Vågen. Til skuleåret til hausten i år forsvinn leiarstillinga når Vats barnehage blir nedlagt og oppvekstsentera i Imsland og Vikedal og Vågen og Bjoa frå felles einingsleiar. Slik vil fem leiarstillingar ha blitt kutta på eitt år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS