Vegtrafikksentralen melder måndag morgon om store utfordringar i trafikken, spesielt i Rogaland, grunna mykje vatn i vegbanen, og på kysten er det i tillegg sterk vind.
Mellom anna mellom Rullestadtunnelen i Etne og Liamyrane bom på Haukelifjell er det mykje vatn fleire stadar.
E134 Haukelifjell opna likevel for trafikk måndag morgon etter at det har vore kolonnekøyring i heile natt.
Karmsund bru var ved 7.30-tida opna for mindre køyretøy, men stengt for køyretøy over 7,5 tonn.
Fjord 1 melder om at det blir normalt drift i ferjesambandet Langevåg-Buavåg mellom Bømlo og Sveio frå klokka 16.
Det er meldt storm i Boknafjorden, men førebels går ferjesambandet Mortavika-Arsvågen på E39, vel å merke frå Hanasand på sørsida, noko som betyr lengre reisetid på sambandet.
Statens Vegvesen oppmodar alle til å la bilen stå om dei kan måndag.