Haugaland brann og redning IKS
Brannbil
Brann
Illustrasjonsfoto: Torstein Tysvær Nymoen

Vêret: Kjellarar i Etne og Vindafjord fylt med vatn

Dei krevjande vêrforholda med mykje snøsmelting og nedbør har gitt ein rekke huseigarar på Sørvestlandet ei overrasking i form av at vatn har trengt seg inn i kjellarar.

Vêret: Slik blir den alternative skuleskyssen aust i Etne måndag

Fram til måndag morgon har 110-sentralen bistått flest uheldige huseigarar på Karmøy og på Jæren med pumping av vatn, men måndag morgon kom også dei første meldingane frå både Vindafjord og Etne.

Klokka 03.46 melde 110-sentralen om vatn i bygning i Sandeidvegen i Ølen.

— Mannskap frå Ølen brannstasjon rykker ut, skriv dei.

Ikkje lenge etterpå, klokka 04.27, kom det melding frå Etne.

— Mannskap frå Etne brannstasjon rykker ut, melder 110-sentralen.

Til saman har mellom 50 og 60 kjellarar på Jæran og Haugaland blitt fylt med vatn, ifølgje NRK.