Uvêr og stengde vegar gir utfordringar for skuleskyssen.
ARKIVFOTO
Uvêr og stengde vegar gir utfordringar for skuleskyssen. ARKIVFOTO

Vêret: Slik blir den alternative skuleskyssen aust i Etne måndag

Etne kommune har sendt ut denne meldinga på SMS til elevar som måndag vil få alternativ skuleskyss grunna at den vanlege skuleskyssruta frå Odd til Etne er innstilt:

• Elever på Teigland bli henta i taxi.

• Litledalsbussen plukkar opp «sine» elevar som normalt, for deretter å køyre til Kyrping for å plukke opp elevane som står der.

• Frå Kyrping mot Enge plukkar bussen opp elevar som vanleg, men ruta vil då vere 10-15 minuttar forseinka i høve til vanleg rutetid.

Årsaken til endringa er at riksveg 13 i Oddadalen er stengt grunna uvêret og fare for flaum og ras.