Vil bruke bompengar til å utbetre Skånevik-krysset
I kommunestyret tysdag blei det vedtatt med 14 mot 3 stemmer at dei 11 millionane frå Statens Vegvesen har til overs frå bompengeinnkreinga til E134 Stordalstunnelen ikkje skal gå til strekket på Norheimsstranda, som Statens Vegvesen ønskjar, men til Skånevik-krysset, kor avkøyringsfelt skal prioriterast.
Alvorlege ulukker
Det var kommunedirektør Filippo Ballarin som spelte inn forslag til alternativ bruk av midlane i eit avkøyringsfelt til kryss med FV 548 til Skånevik, som ligg i prosjektet Stordalstunnelen. Dette krysset har forårsaka fleire alvorlege ulukker, og det har lokalt kome ei mengd innspel på at det er plass til, og ønskje om eit avkøyringsfelt når ein køyrer austover frå Etne og skal ta av til FV 548.
Ikkje samrøysta
Eit slikt felt vil kunna byggjast med dispensasjon, eventuelt med mindre endring i gjeldande reguleringsplan. Fleirtalet i kommunestyret var einige med kommunedirektøren i dette, og stemte for forslaget. Det var Øyvind Kaldheim og Ole Funderud frå Kristeleg folkeparti, og Sjur Aakra frå Senterpartiet som stemte mot forslaget.