Asbjørn Nesheim er svært glade i å fiske i Vatsfjorden. Nå er han redd for kva framtida bringer. Foto: Svein-Erik Larsen
Asbjørn Nesheim er svært glade i å fiske i Vatsfjorden. Nå er han redd for kva framtida bringer.
Asbjørn Nesheim nyt ofte sjølvfiska krabbe frå Vatsfjorden.
Asbjørn Nesheim nyt ofte sjølvfiska krabbe frå Vatsfjorden.
Asbjørn Nesheim håpar engasjementet i Vats vaknar til.
Asbjørn Nesheim håpar engasjementet i Vats vaknar til.
Asbjørn Nesheim likar seg godt i Vatsfjorden. No fryktar han at idyllen forsvinn for godt om AF Gruppen får gjennomføre sine nye industriplanar.FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Asbjørn Nesheim likar seg godt i Vatsfjorden. No fryktar han at idyllen forsvinn for godt om AF Gruppen får gjennomføre sine nye industriplanar.
Asbjørn Nesheim har eit naust i Åmsosen.
Asbjørn Nesheim har eit naust i Åmsosen.
AF Decom legg planar for bygging og monterinvg av vindturibinar på anlegget i Vats.FOTO: AF DECOM
AF Decom legg planar for bygging og monterinvg av vindturibinar på anlegget i Vats.
Ricky Ryttmar, prosjektdirektør for AF Offshore Decom AS, opplyser at dei tilbyr ei varslingsteneste folk kan melde seg på. Arkiv
Prosjektdirektør Ricky Ryttmar for AF Offshore Decom AS håpar at satsinga på havvind kan bli noko positivt for både Vats og selskapet. Arkivfoto

Ber bygda vakne

Publisert Sist oppdatert

— Eg er fly forbanna, seier vatsbuen Asbjørn Nesheim.

Han er aktiv fiskar med eit naust med båt ved Vatsfjorden. Nesheim meiner at dette er den finaste fjorden i Vindafjord og at den vil bli øydelagt om havvindplanane blir realiserte. Han viser til at fjorden er rik på blant anna krabbe, hummar, kviting og torsk, og at Dag Brynjelsen, som driv med ringmerking på oppdrag frå ringmerkingssentralen ved Stavanger Museum, har informert han om at det held til seks havørn-par i fjorden.

Store planar

Det var i september i fjor at AF Gruppen offentleggjorde at dei vil leggje til rette for produksjon av fundamenter og samanstilling av vindturbinar på anlegget sitt på Raunes i Vats. I dag nyttar dei anlegget, også kjent som AF Miljøbase Vats, til opphogging av plattformar. Nyleg sendte AF Decom ein plan ut på høyring. Der står det at planområdet omfattar eksisterande industriområde på Raunes og areal for utviding av anlegg på land. Vidare inngår eksisterande rigg- og ferdselsområde i Vatsfjorden og Yrkjefjorden, og nytt areal i sjø for lagring av ferdigmonterte vindturbinar og flytande fundament til vindturbinar i begge fjordane. Planområdet inkluderer også areal på land til eventuelle eksisterande og nye ankerfeste.

— Gløym turisme

På tysdag skal det vere eit ope informasjonsmøte om planane på Skjold Arena. Nesheim har inntrykk av at AF Gruppen har komme langt i planlegginga, og viser til ei teikning i møteinnkallinga. Han blei overgitt over storleiken og føler at han må gi beskjed om kva han synest. 5. februar la han ut eit Facebook-innlegg der han ber vatsbuar vakne. I kommentarfeltet er folk både einige og ueinige, men i kvardagen har han berre møtt støtte.

— Ein kan gløyme turistar til Vats, seier Nesheim med referanse til prosjektet med å utvikle turistnæringa i Vindafjord som Medvind24 nyleg lanserte.

Gjennom jobben sin som taxisjåfør har han opplevd entusiasmen frå folk frå land som Japan, Tyskland, Belgia og Kroatia som tar bilde av Vatsfjorden. Han fryktar også at det grunna storleiken på dei skisserte planane skal bli svært regulert passasje for båtar, i forhold til korleis det er i dag, så sant det ikkje skjer store operasjonar.

Nesheim trur prosjektet vil bli selt inn med arbeidsplassar, men i lys av tidlegare løfter på dagens verksemd har han liten tru på det. Han er oppgitt over havvindnæringa på generell basis, og omtalar havvindmøller som havet sitt søppel. Derimot hadde han støtta kjernekraft på Raunes. Han oppmodar alle vatsbuar til å komme på folkemøtet.

— Eg skal på møtet om eg så må krype inn, fortel Nesheim.

Asbjørn Nesheim nyt ofte sjølvfiska krabbe frå Vatsfjorden.
Asbjørn Nesheim har eit naust i Åmsosen.

Vil ta omsyn

Prosjektdirektør Ricky Ryttmar ved AF Miljøbase Vats håpar at folkemøtet skal bli så informativt som mogleg og at dei både får konstruktive tilbakemeldingar og belyst eventuelle spørsmål.

— AF ser store moglegheiter for verdiskaping ved å nytte kompetanse og industriell erfaring til å leggje til rette for kostnadseffektiv produksjon av betongfundament og samanstilling av vindturbinar på eksisterande anlegg i Vats. Utvidinga skal i størst mogleg grad ivareta omsynet til natur- og kulturlandskapet og god sameksistens med andre aktivitetar i området, fortel Ryttmar.

Prosjektdirektør Ricky Ryttmar for AF Offshore Decom AS håpar at satsinga på havvind kan bli noko positivt for både Vats og selskapet. Arkivfoto

Konfrontert med påstanden om at ei realisering av planane vil øydelegge Vatsfjorden svarar han at naturkartlegging og konsekvensutgreiing vil sikre at utvidinga av anlegget tek omsyn til fjorden. Kva gjeld mogleg stenging av fjorden og moglegheitene til å fiske opplyser Ryttmar at farleia vil vere open.

— Restriksjonar vil berre gjelde i periodar med mellomlagring, seier prosjektdirektøren.

Han fortel at dette temaet vil bli behandla særskilt i det vidare planarbeidet. Ei satsing på produksjon til havvindnæringa kan ifølgje Ryttmar kunne gi fleire arbeidsplassar på basen, så vel som betydelege ringverknadar hos lokale leverandørar. Han viser til ein rapport utført av det norske analyseselskapet Menon Economics.

— Godt eigna

Ryttmar meiner at Raunes har ei gunstig plassering for offshore vindkraft med nærleik til Utsira og Sørlege Nordsjø.

— Djupna i fjordområdet og den naturlege skjerminga mot vind gjer det svært godt eigna for lagring av store konstruksjonar, seier prosjektdirektøren.

Han fortel at det i vidareutvikling av anlegget vil bli lagt vekt på gjenbruk av eksisterande infrastruktur, miljø og verdiskaping i regionen. Dei søker om lagring av inntil 30 einingar i fjorden. Ryttmar seier at det hovudsakleg er behov for mellomlagring av fundament utan turbin.

— I dei tilfella der oppdraga inkluderer montering av turbinar på fundamenter, blir desse monterte og starta opp relativt raskt. Etter det blir turbinane sendt offshore, seier Ryttmar.

AF Gruppen sin ambisjon er å levere til prosjekter i Noreg og Nord-Europa. Allereie i dag testar World Wide Wind ut verdas første motroterande offshore, flytande betongkonstruksjonar, på anlegget i Vats.

— Det er fleire aktørar som er interesserte i å nytte området grunna plassering og eksisterande infrastruktur, seier Ryttmar.

AF Decom legg planar for bygging og monterinvg av vindturibinar på anlegget i Vats.
Powered by Labrador CMS