HIM-saka
Heilt ueinige om flytteprosess
Styreleiar Olav Linga i Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS (HIM) er overraska over at det var ein nyheit for Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) at administrasjonen har flytta til Haugesund. Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim støttar Vierdal.
Veit du noko om denne saka? Tips oss: tips@grannar.no
Torsdag kunne Grannar avsløre at administrasjonen til Haugaland interkommunale miljøverk IKS (HIM) har flytta frå kontorene sin på Toraneset i Skjold, til det nye driftsbygget på Årabrot i Haugesund. Tilsynelatande utan at representanta i selskapets øvste organ – representantskapet – har fått det med seg.
— Det har vore kjent heile vegen at administrasjonen skal flytte, seier styreleiar Olav Linga i HIM.
HIM er eit interkommunalt selskap som blei etablert i 2007 av eigarkommunane Bokn, Etne, Haugesund, Tysvær og Vindafjord. Det var i desember at administrasjonen i det selskapet flytta frå Toraneset Miljøpark i Skjold til det nye driftsbygget på Årabrot Miljøpark. Hovudkontor og postadressa er framleis på Toraneset.
— God kommunikasjon
Både ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF), som begge sitt i representantskapet, uttala onsdag til Grannar at dei ikkje oppfatta at administrasjonen skulle flyttast frå Toraneset til Årabrot då saka om bygging i Haugesund var oppe.
Representantskapet sitt på den høgaste makta i HIM. Det har tolv representantar frå eigarkommunane etter folketal. Alle ordførarane er med. Dei har to møter i året, der av det førre var 13. desember. Då blei Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim valt til leiar.
Styret i HIM har sju medlemmer og to varamedlemmer. Brit Turid Klungland representerer Vindafjord, mens Ove Kahrs Wangensteen er Etne sin representant. Dei har hyppigare møte enn representantskapet, eksempelvis var det seks møte i fjor. Følgeleg er dei meir involverte i den daglege drifta. Styreleiar Linga møter også i representantskapet.
— Kommunikasjonen mellom styret og representantskapet er god. Dei blir godt orientert, seier Linga.
Konfrontert med at Vierdal følte seg tatt på senga over flyttinga av administrasjonen frå Skjold til Haugesund seier Linga seg litt overraska. Han meiner dette har vore tydeleg kommunisert til representantskapet at dette ville bli gjort med det nye bygget på Årabrot.
Oppfatta ikkje flytting som del av prosessen
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim har ei ganske anna oppfatning enn Linga. Ho sat i representantskapet også før ho blei leiar, og delar Vierdal sin oppfatning om at dei ikkje blei informert om at administrasjonen skulle flytte etter bygginga i Haugesund.
— Me har ikkje vore involverte i det heile tatt, seier Bergsvåg Ekrheim.
Ho understrekar at representantskapet var involvert i byggevedtaket, men seier at det ikkje var oppe at administrasjonen skulle bli sittande i Haugesund. Dette oppfatta Etne-ordføraren ikkje som ein del av prosessen med å bygge det nye driftsbygget på Årabrot.
Det finst skriftlege kjelder på at dei konkrete planane om flytting har vore offentlege minst sidan 8. mai 2023, då årsmeldinga til selskapet for 2022 blei signert. Der står det:
I løpet av 2023, bygges et nytt og moderne driftsbygg på Årabrot Miljøpark med garderober undervisningsrom og spiserom i 1. etasje og kontorer og møterom i 2. etasje. Administrasjonen vil flytte fra kontorene på Toraneset og det bil i tråd med HIM sin målsetting om å øke fokus på undervisning og omvisninger være lettere å gjennomføre dette i årene som kommer.»
Det blei gjort ei orientering om rekneskap og denne årsmeldinga av Trond Kampen i representantskapet sitt møte 14. juni 2023. Vierdal var på dette møtet. Det var ikkje Bergsvåg Ekrheim. Ho seier at ho har lest årsmeldinga, men ikkje kan ha oppfatta flyttinga.
Linga er tydeleg på at ein også må sjå positivt på utviklinga på Toraneset og peikar på solcelleparken som etter planen skal bli bygd der i samarbeid med selskapet Endra, eit dotterselskap av Haugaland Kraft AS.