FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Illustrasjonsfoto.

Person gripen etter å ha framsett trugsmål mot politiet

Politiet sendte måndag føremiddag fleire patruljar til ei adresse i Vindafjord, etter at det vart framsett trugsmål mot politiet.

— Bakgrunnen for at me har rykt ut, og med fleire patruljar, er at ein person har framsatt trugslar mot politiet, opplyseteoperasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar ved 12-tida måndag.

På det tidspunktet var politiet i dialog med personen.

Rett etter klokka 12.30 opplyste Fenne-Jensen at personen var gripen. Då hadde aksjonen gått føre seg i om lag to og ein halv time.

— Etter lengre dialog kunne politiet ta hand om vedkommande. Det skjedde utan dramatikk, opplyser han.

Politiet væpna seg i samband med aksjonen. Det skal ikkje ha vore fare for tredjepart, ifølgje operasjonsleiaren.