Pressekontakt Eline Skari i Norwegian seier flyselskapet har nulltoleranse overfor ureielege passasjerar.
Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Syden-turistar blir melde av Norwegian
To menn vil bli melde til politiet etter at dei skapte uro på ein flytur frå Malaga til Bergen laurdag. – Dei var ufordragelege, seier politiet.
– Dei krangla med beteninga og nekta å betale for varer på flyet, seier politistasjonssjef Ronny André Øvrebotten til Bergensavisen.
Mennene skal ha reist saman og verka rusa.
– Det er skrive rapport. På generelt grunnlag har vi nulltoleranse overfor uærlege passasjerar, og vi politimelder alltid den typen passasjerar, seier pressekontakt Eline Skare i Norwegian til BA.
Ho vil ikkje gå i detaljar på kva som utløyste krangelen eller kva mennene sa eller gjorde.