HIM-saka
Jussprofessor trur flytting truleg er innanfor regelverket
Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS (HIM) sine vedtekter slår fast at hovudkontoret til selskapet skal ligge i Vindafjord. Jussprofessor Eivind Smith ved Universitet i Oslo (UIO) meiner at det ikkje er til hinder for flyttinga av administrasjonen til Haugesund.
Torsdag kunne Grannar avsløre at administrasjonen til Haugaland interkommunale miljøverk IKS (HIM) har flytta frå kontorene sine på Toraneset i Skjold, til det nye driftsbygget på Årabrot i Haugesund.
Sjølv om administrasjonen har flytta er selskapet sitt formelle hovudkontor og postadresse framleis på Toraneset.
Må definere sjølv
Eivind Smith har vore professor i rettsvitskap ved UIO med særleg plikt til å førelese i offentleg rett sidan 1986. Nå er han pensjonist, men framleis knytt til UIO. Han seier at det er lov å flytte administrasjonen vekk frå hovudkontoret, også i interkommunale selskap.
— Selskapet sine organ må bestemme kva som skal vere dei formelle krava til eit hovudkontor, Smith.
Paragraf 4 i vedtektene frå då HIM blei etablert av eigarkommunane Bokn, Etne, Haugesund, Tysvær og Vindafjord i 2007 omhandlar hovudkontor. Der står det:
Selskapet har sitt hovudkontor ved stiftinga og inntil vidare i Vindafjord kommune.»
Det står ikkje noko om kva hovudkontoret skal bestå av i praksis.
Avheng av vedtektene
Administrerande direktør Gro Staveland og styreleiar Olav Linga meiner det var tydleg at administrasjonen skulle flytte då bygginga i Haugesund blei vedteke. Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF), som sit i representantskapet, oppfatta ikkje flyttinga av administrasjonen som ein del av prosessen med vedtaket av det nye bygget. Det gjorde heller ikkje representantskapsleiar og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Smith fortel at ei flytting av administrasjonen normalt sett ikkje krev eit vedtak i representantskap, men at det kjem ann på selskapet sine vedtekter.
— Det nye bygget er vel dimensjonert for å ha hovudkontoret. Det er eit spørsmål om kven som har visst kva og kven som har bestemt kva, seier professoren.
Det stod i årsmeldinga for 2022 at administrasjonen skulle flytte til Årabrot i 2023. Smith seier at årsmeldinga berre er ein forteljing og ikkje har nokon bindande kraft, sjølv om den gjer det vanskelegare å komme med kritikk mot informasjonen i forkant av flyttinga.
Han fortel at Vindafjord kommune ikkje har noko moglegheit til å få administrasjon tilbake til kommunen ved å vise til lovverk, og at det berre kan gjerast gjennom selskapsinterne forhold som han ikkje kjenner i detalj.