Nær 5500 bønder fekk utbetalt over 1 million kroner i produksjons- og avløysartilskot, viser nye tal frå Landbruksdirektoratet. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nær 5500 bønder fekk utbetalt over 1 million kroner i produksjons- og avløysartilskot, viser nye tal frå Landbruksdirektoratet.

Næringsliv

Fleire lokale bønder fekk milliontilskot

Publisert Sist oppdatert
Nær 5.500 bønder fekk utbetalt over 1 million kroner i produksjons- og avløysartilskot i 2023, viser tal frå Landbruksdirektoratet.

Tilskotslistene som Landbruksdirektoratet har offentleggjort, viser store forskjellar i summane som er utbetalte i tilskot, skriv Nationen.

Medan over 5000 føretak får utbetalt under 50.000 kroner i tilskot, som er omtrent som året før, er det kraftig vekst i føretak med millionutbetaling.

Listene viser at nær 5500 jordbruksføretak fekk ei utbetaling på over ein million kroner for 2023. Det er i overkant av 2000 fleire enn året før.

400 føretak fekk over 2 millionar kroner (+176 føretak), 41 fekk over 3 millionar kroner (+22) og 16 føretak fekk over 4 millionar kroner (+5).

Tilskotsveksten i dei siste jordbruksoppgjera har i stor grad komme som følgje av kraftig vekst i kostnadene til bøndene. Bønder med stor produksjon har fått størsteparten av kostnadsveksten.

Gjennomsnittleg utbetaling for 2023 var på rundt 457.000 kroner i produksjons- og avløysartilskot – noko som er ein auke på litt over 58.000 kroner eller 14,6 prosent i snitt frå året før.

I alt gav Landbruksdirektoratet 17 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot til norske bønder.

Desse 10 fekk mest i Vindafjord:

Jan Haslemo 2.469.415

Asbjørn Alendal 1.873.702

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS