Terje Halleland (Frp) mener mål og evner ikke samsvarer verken for krafttilgang eller klima i regjeringens politikk. Pressefoto
Terje Halleland (Frp) har vore stortingsrepresentant sidan 2017. Etter valet neste haust er han ferdig på Stortinget. ARKIVFOTO

E134 Bakka-Solheim

— Framleis ein jobb å gjere

E134 har vore viktig for stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) frå Ølen gjennom hans politiske karriere. Han er glad for at regjeringa vil ha med Bakka-Mo i Nasjonal transportplan (NTP), men meiner at det framleis er langt igjen til mål.

Publisert Sist oppdatert

— Det er bra at ein delstrekning på Bakka-Solheim er med, men det ligg langt fram i tid, og det manglar ein meir føreseieleg plan for resten av prosjektet. Det er ein jobb som må gjerast på Stortinget som eg håpar å få på plass, seier Terje Halleland (Frp).

Fredag avslørte statssekretær Tom Kalsås (Ap) at regjeringa i komande NTP vil setje av 2,4 milliardar kroner til strekninga mellom Bakka i Stordalen og Mo i Etne. Prosjektet er del av ein tolvårsplan. Proposisjonen frå regjeringa vil komme til transportkomiteen på Stortinget og så bli forhandla fram til endeleg behandling i juni.

Powered by Labrador CMS